Dårleg samvit – del 1 – Svangerskapet

To gongar har eg gått gravid no. Og begge svangerskapa starta med dårleg samvit.

«Har du hugsa å teke folat-tilskot? Har du teke det før du vart gravid også?» Skammen kjem krypande når eg skal svare. Og så eg da- som er jordmor også. «Kva med jod? Tek du det? Kor mange dagar i veka har de fisk til middag? Drikk du nok melk?».

Eg sveittar og hjartet slår berre av dette. Stressfaktorane er truleg meir skadeleg for fosteret enn at eg ikkje tek alle desse tilskota og morsinstinktet som kjem snikande har meg seg ein gjest.

Velkomen inn i kroppen min- frå no av skal du være her heiletida- DÅRLEG SAMVIT.

Som ein «styggen på ryggen» står han der heile svangerskapet. «Burde du ete dette? Er denne middagen sunn nok? Er dette farleg? Burde du ikkje våre meir aktiv? Korleis skal du kunne lage middagar til borna dine når du sjølv et grandis for andre gong denne månaden?» og så vidare.

Hadde eg berre fylgt @grogronorge då eg gjekk gravid. Så kunne eg sjå det flotte innlegget om folat og alt som inneheld folat- eg kunne sjå at det faktisk er mogleg å få tak i enkel og sunn barnemat som også eg kan ete dei dagane det må være sann, eg kunne bli minna på at det finns naturlege kjelder til både jern, omega 3 og anna. Eg trass i at eg er jordmor vert også mamma og ramma av dette kroniske dårlege samvitet for alt ein «burde gjere».

Men heldigvis veit eg at alle foreldre gjer sitt beste- og veit du kva? Det er nok! Fosteret tek det treng frå deg. Viss du hugsar å få i deg alt du treng for optimal ruging, så er det supert. Men viss ikkje? Jau, då er du nok ganske normal. Men kanskje er det slik at du allereie får i deg ganske mykje av dette utan tilskot også? Kanskje et du det frå naturlege kjelder! Kanskje treng ikkje alt være i tablettform. Dette kan Malin/GroGro mykje om og eg gler meg til å lære meir av ho.

/Sara Wiik, Jordmor & tobarnsmor

There are no comments

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Start typing and press Enter to search

Shopping Cart

No products in the cart.